Formål med arkivplanen Arkivplanen har som formål å vere eit redskap for sikring av ein forsvarleg arkivteneste i tråd med gjeldande lover og forskrifter. I tillegg skal arkivplanen vere eit hjelpemiddel for heile organisasjonen for å sikre ein rask og korrekt saksbehandling og ein effektiv service. Arkivplanen vil vere ein oppdatert og lett tilgjengeleg informasjonsdatabase for saksbehandling og offentleg innsyn.
Heimelsgrunnlaget for arkivplanen Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. I følge forskrift om offentlege arkiv av 11. des. 1998 § 2-2 skal alle offentlege organ ha ein ajourført samleplan som vert kalla arkivplan. Arkivplanen skal vise:
'- verksemda si historikk og organisering,
- kva arkivet omfattar, dvs. kva slags papirbasert og elektronisk materiale som inngår i arkivet og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt,
- korleis arkivet er organisert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt,
- kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, dvs. ei oversikt over gjeldande lov- og regelverk samt interne instruksar og - dokumentasjon for elektroniske register og databaser. |